Forside‎ > ‎

Kultur & aktivitetar

 Etne kan du oppleve eit yrande kulturliv heile året: 

Skakke-senteret
 stod ferdig i januar 2012 og huser mellom anna Etne Kulturhus som byr på kino, konferansar, revy, konsertar, messer, artistgalla og dansefestar - sjekk siste nytt frå Skakke-senteret her 


Fugl Fønix er både hotell, restaurant, kafé, konsertarrangør, atelier, musikkstudio og vertskap for både fast huskunstnar og gjesteutstillarar. Fast salsutstilling i kaféen kvar dag mellom 8.00 og 22.00, og for nærmare info om kulturtilbodet på Fønix, sjekk websida her for siste nytt! 


Old River Saloon er den største og mest aktive konsertscena i distriktet vårt, og der inspirasjon som til dømes interiør, musikk, artistar og mattilbod stort sett vert henta ifrå amerikanske country,- blues- og rootstradisjonar. Ta ein tur innom saloonen for å oppleve god, gammaldags vill-vest-stemning, og sjekk gjerne websidene deira her først.


Etnemarknaden er ein årleg augusthappening som trekkjer store mengder tilreisande frå heile Vestlandet: Utstillarar, kokkekamp, vikingcamp, aktivitetar, arrangement og musikkgleder -  firedagarsprogrammet er spekka med fantastiske opplevingar for glade barn i alle aldre, og her kan du lese meir




                      Bilete: Svein Egil Økland