Forside‎ > ‎

Svolten?

I Etne sentrum finn du og dine varierte matopplevingar som passar både gane og lommebok, og uavhengig av om ein er ute etter restaurantmat eller enklare husmannskost: 

Fugl Fønix Hotel tilbyr kaféservering i form av småretter, og desssutan ein spennande og smakfull à la carte-meny. Sjå heimesida her

Old River Saloon vert generelt inspirert av vill-vest og amerikansk cowboykultur, noko som òg pregar menyene - som du kan lese meir om på saloonens webside her!

Senterkaféen finn du i andreetasje i Etne Senter, og kaféen byr alltid på noko godt å bite i - til dømes kaker, bagettar, salatar, pizzaboller eller smårettar. Suppe med brød alle
dagar. 

Etne Camping ligg langs europavegen like utanfor Etne Sentrum, og her vert det kvar dag året rundt servert kafémeny til gjennomreisande og fastbuande som ønskjer solid, norsk, heimelaga husmannskost. 

I tillegg finn du her i Etne sentrum både pølsemenyar og anna hurtigmat. 

Velkommen til matopplevingar i Etne!