Logo

Møbelringen Etne

Velkommen til Møbelringen Etne på Etne senter. Me leverer til både bedrifter og private i heile distriktet.

Me ønskjer deg velkommen inn i butikken vår, som ligg i Etne Senter. Her har du 2900 kvadratmeter å boltra deg på, fordelt på to etasjar med utstillingar og eit lager med god plass når du skal henta møblane du har kjøpt.

Me har nyleg fått inn meir småvarer og interiør enn me har hatt før. Desse varene kjem hovudsakleg frå dei flotte leverandørane Herregård og Lg Interiør. Blant anna har me fått inn lykter, lys og lysekroner. Store speil, rustikke korger og kassar, puter og pledd. Stilige industrielle veggklokker, lampar og stolar. Elles mange andre fine småmøblar.Varene er  samla i ei inspirerande avdeling ved inngangspartiet, der det er lett å komme innom for ein «godbit» eller to, - eller berre ein liten "kikk"!

Litt om historia vår.

I 1954 starta  Karsten Strømø som er utdanna møbeltapetserar, med produksjon av madrassar,stolar,sofa og gyngestolar m.m. I bustaden sin midt i Etne sentrum hadde han verkstad i kjellaren.

Sommaren 1962 starta han filial i Skånevik der han hadde utstilling, som var open kvar fredag. Utviklinga gjekk framover, og det dukka opp fleire og fleire møbelprodusentar. Det blei meir og meir sal av møblar og mindre som blei laga i møbeltapetserverkstaden. Det blei også behov for meir plass til utstillingar, og i 1970 bygde Karsten ny butikk på 300m2 med eit lager på 100m2. Det gjekk ikkje mange år før butikken nok ein gong vart for liten,og i 1980 blei den bygd på, og fekk eit utstillingslokale på 500m2.

I 1981 blei filialen i Skånevik avvikla etter 19 år. Det blei for travelt å driva på to plasser etter utvidinga i Etne.

I 1985 kom den store utbygginga med to nye etasjar på butikken slik at totalarealet blei på 1350m2. Utviklinga heldt fram med auka omsetnad og behov for meir lagerplass. Opp til tre lager blei leigd rundt omkring i bygda.

I 1997 overtok Ole Strømø drifta, og butikken blei då medlem av kjeda Møbelringen. Omsetnaden dobla seg det første heile driftsåret etter at butikken blei medlem av Møbelringen, og det gjekk ikkje mange år før behovet for meir plass meldte seg.

Etter fleire år med planlegging og forhandlingar blei Etne Senter bygd i 2006, og me kunne flytta inn i nye og moderne lokalar 30.november 2006.Der driv me butikk i dag  saman med 18 andre verksemder. Her finn du møblar utstilt i miljø kor du kan hente inspirasjon.

Me er  7 fast tilsett med lang erfaring ,som har hovudfokus på å yta den beste service me til ei kvar tid kan gje.

Hjarteleg velkommen til ein hyggeleg og inspirerande møbelprat hos Møbelringen Etne!

tilbake link knapp